Plan for forskinga

Viss europeiske land skal lukkast i arbeidet med å nå dei nye målsetjingane som søkjer å halde global temperaturauke under 2 gradar, og alle helst 1,5, og viss privatforbruket skal vere ein del av løysinga, er det viktig å finne fram til verkemiddel som vil fungere i praksis. Dette inneber òg å avklare korleis folk flest stiller seg til ulike klimapolitiske verkemiddel som skattar, regulering av transport eller resirkulering av avfall. HOPE-prosjektet har som mål å byggje ny kunnskap om desse spørsmåla. Vi er særleg opptekne av å få fram ny kunnskap om effekten av å gje folk informasjon om den samla effekten av ulike tiltak på utslepp og privatøkonomi.

Mål

Målet med prosjektet er å undersøke kva folk føretrekk å gjere dersom dei måtte leggje om til ein meir klimavenleg livsstil. For å oppnå dette, skal vi spørje eit utval private hushald om korleis dei vil føretrekke å gå fram for å kutte utsleppa. Vi er interesserte i måten folk resonnerer på når dei tek stilling til eit klimatiltak (t.d. å ete mindre kjøt) og kva som kan hindre dei i å gjennomføre denne typen åtferdsendringar.

Samanliknande studie

Sidan EU har sett seg høge klimamål og Noreg nyleg har kopla seg på EU sin klimapolitikk, er prosjektet lagt opp som ei samanlikning av situasjonen i dei fire landa i prosjektet. Fordi vi samlar inn data på kommunenivå, får vi eit unikt høve til å undersøke ein stor populasjon og samtidig gjere djupneintervju. Studieområda – Pays d’Aix, Bergen, Mannheim og Umeå – er valde ut på grunn av likskapar i sosio-økonomisk status. Vi valde òg byar der det finst eit visst miljømedvit, og der ein har gjennomført ein del klimapolitiske tiltak.

Private hushald

Privat hushald rommar eit stort mangfald av livsstilar (t.d. gifte par med eller utan barn, ugifte par, kollektiv). Vi har ikkje definert noko krav om at hushalda i studien skal ha eit visst tal bebuarar; det kan vere alt frå éin til svært mange. I første del av rekrutteringsprosessen vart hushalda tilfeldig trekte frå ei adresseliste over hushald i Bergen og invitert til å delta i prosjektet via brev. I andre del av rekrutteringsprosessen brukar vi reklamar på sosiale medium og inviterer folk i våre nettverk til å delta i undersøkinga.

Prosjektpartnarane har utvikla eit nettbasert spørjeskjema som nyttast i den første delen av studien. Dette verktøyet gjer oss tilgang til data som kan lette utrekninga av klimafotavtrykket til hushaldet. Desse datasetta omfattar både strukturelle trekk (talet på personar i hushaldet og gjennomsnittleg inntekt) og forbrukaråtferd (kjøtforbruk per veke eller bilbruk).

Personvern

Ei side med vanlege spørsmål (FAQ) vil bli tilgjengeleg på nettsida, og der kan du lese om personvern. Du kan og lese om personvern i filen ’Informasjonsskriv.pdf’ som kan lastast ned frå ’Undersøkelsen HOPE’. Alle data som blir samla inn i prosjektet skal gjerast anonyme, og dei blir berre nytta til dei avtalte forskingsføremåla. Det vil ikkje gå an å identifisere hushalda i dei vitskaplege publikasjonane som er planlagde seinare i prosjektet. Persondata er berre tilgjengelege for dei som leiar prosjektet og vil berre bli nytta når vi skal kontakte hushalda for å utføre studien. Dei som deltek i studien vil få tilsendt utfyllande informasjon om personvern før datainnsamlinga tek til. Deling av innsamla data med ein tredjepart er forbode.

Klimafotavtrykket til private hushald

Utsleppsfaktorane vi baserer oss på er trekte ut av offentlege databasar, t.d. Statistisk Sentralbyrå (SSB). Viss individuelle utsleppsfaktorar ikkje er tilgjengelege, vil vi i staden bruke tal for ei tilsvarande forbruksvare. Dersom utsleppsverdiane varierer sterkt frå ein nasjonal database til ein annan, vil vi bruke gjennomsnittsdata for å få eit realistisk tal. Med tala på plass, vil hushaldet få presentert ein katalog med om lag 60 klimatiltak som kan bidra til kutt i utsleppa deira. For kvart tiltak hushaldet stiller seg positive til, vil det utrekna klimafotavtrykket deira bli mindre. Hushalda har ikkje plikt til å gjennomføre desse tiltaka – dette er ei teoretisk øving.

Hushalda sine preferansar

Dei som deltek i studien blir bedne om å ta stilling til kvart enkelt tiltak. For kvart av tiltaka dei kan velje, vil dei få opplyst kva for fordeler dei kan oppnå ved å velje tiltaket – for miljøet (i CO2-ekvivalentar) og for økonomien (i norske kroner). Forskarane kartleggjar deltakaranes grad av aksept for dei ulike tiltaka i katalogen vår over forbruksendringar. Denne kunnskapen brukar vi til å utfordre representantar for relevante lokale, regionale og nasjonale myndigheiter (referansegruppa vår) til å føreslå tiltak som kan stimulere til dei same forbruksendringane. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om den metoden i prosjektet.

Avgjerder i private hushald

I kvar av byane vi studerer vil vi samle eit lite utval av hushalda som deltek i studien for å gjennomføre ein kvalitativ motivasjonsstudie knytt til avgjerdene dei tok om klimatiltak. Målet er å forstå kvifor hushalda valde som dei gjorde, t.d. ved å nøste i dei finansielle sidene ved tiltaka. Tilnærminga vår er metodisk sett semi-strukturert. Hushalda vil både få spørsmål om tiltaka dei føretrekte og om tiltaka dei avviste. Vi vil la deltakarane formulere svara sine fritt for å få eit best muleg bilete av oppfatningar og synspunkt.

Surveymetode

Spørjeskjema: Den første utspørjinga vil skje i form av eit nettbasert spørjeskjema som deltakarane fyller ut sjølve. Dei som deltek, får tilgang til spørjeskjemaet via ei lenkje til ei nettside. Deltakarane blir bedne om å svare på spørsmål, og dei kan svare på spørjeskjemaet i fleire omgangar. Når spørjeskjemaet er ferdig utfylt, blir informasjonen overført til ein sentral database. Slik vil vi rekne ut kor stort klimafotavtrykk hushaldet har. Vi tilbyr brukarstøtte i kvar av byane viss nokon opplever problem med spørjeskjemaet.

Interaktivt intervju (’Klimaspelet’): Katalogen med oversikt over klimatiltak vil bli sendt ut til hushalda i god tid før det første forskarbesøket. Når forskarane kjem, vil dei gå gjennom katalogen med nokon i hushaldet og opplyse kor stort klimafotavtrykket er i dag. Hushaldet vel ut ein representant som vil bli kontakta av ein forskar eller intervjuar. Intervjuaren vil drøfte dei føreslegne tiltaka med den som representerer hushaldet. Utveljinga av tiltak blir gjort på ein laptop eller eit nettbrett. Svara blir lagra i den sentrale databasen til prosjektet.

Oppfølgingsintervju: Denne delen gjeld bare ei lita gruppe av deltakarane. I ei tredje utspørjing møter intervjuaren representanten for hushaldet til eit intervju. Samtalane frå dette intervjuet vil bli tekne opp og seinare transkriberte. Dette er informasjon som berre vil bli brukt til vitskapleg publisering i anonym form. Den transkriberte teksten er underlagt strenge personvernreglar og blir ikkje offentleggjort.