Prosjektet

Internasjonal klimapolitikk

På FN sitt klimatoppmøte i Paris 2015, blei landa einige om at global temperaturauke ikkje skal overstige 2 gradar, men helst haldast til 1,5 gradar. Noreg har meldt seg inn i EU sitt klimapolitiske program. Målsetjinga om å redusere utsleppa av klimagassar, og det nye målet om å halda temperaturauken under 1,5 gradar, kan bety at utslepp frå private hushald bør reduserast med minst 50 prosent innan 2030 samanlikna med referanseåret 1990. Ein slik reduksjon vil utgjere eit viktig steg på vegen mot å oppfylle tilrådinga frå FN sitt klimapanel (IPCC) om nullutslepp innan 2100. Klimapanelet meiner dette er nødvendig for at vi skal halde global oppvarming under ein gjennomsnittleg temperaturauke på 2 grader. Alle landa som har skrive under på FNs klimakonvensjon (UNFCCC) har vedteke denne målsetjinga, og Paris-avtalen aukar dette ambisjonsnivået. Skal vi nå målet om 1,5 gradar, kan vi være tvungne til å auke omfanget av utsleppsreduksjonar. Likevel er det eit ope spørsmål om, og etter kvart i kva grad og korleis, ein bør utforme klimatiltak retta mot hushalda. HOPE-prosjektet har difor lagt til grunn eit tenkt mål: at alle hushalda som deltek i studien i framtida vil måtte forplikte seg til å gjennomføre kutt-tiltak som svarar til ei halvering av utsleppa innan 2030, samanlikna med utsleppa i 1990. Dette er eit tenkt mål, og hushalda som deltek i undersøkinga forpliktar seg ikkje til å gjennomføre desse tiltaka i praksis.

Klimapolitikk på individnivået

HOPE står for Household Preferences for Reducing Greenhouse Gas Emissions in Four European High Income Countries. Tittelen siktar til hushaldsmedlemmane sine val og handlingar i kvardagen, t.d. reisa til arbeidsplassen, innkjøp av daglegvarer eller husbygging.

Prosjektet går ut på å gjennomføre ein studie i hushalda i fire europeiske byar for å finne ut kva forbruksendringar private hushald kan akseptere dersom dei nye internasjonale klimamålsetjingane medfører at private hushald i aukande grad må redusera sine utslepp av klimagassar i framtida. Byane er Aix-en-Provence (Frankrike), Bergen (Norge), Mannheim (Tyskland) og Umeå (Sverige). Det står meir om kvifor vi valde ut desse byane under overskrifta “Plan for forskinga”.

Prosjektet

HOPE er eit internasjonalt forskingsprosjekt som del av EUs ordning «Joint Programming Initiatives» på området «klimatransformering». Den norske delen av prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd sitt program KLIMAFORSK. Prosjektet skal byggje kunnskap om korleis ein kan oppmode om eller skape insentiv for klimavenlege endringar i forbruk, og om kor langt private hushald kan akseptere å gå når det gjeld å endre åtferd for å bidra til utsleppskutt. Vidare har vi ein dialog med representantar for relevante statlege og kommunale styresmakter om kva klimatiltak som kan utløyse dei åtferdsendringane som hushalda er mest positive til. Prosjektet skal til slutt utforme ei politisk tilråding. Her vil forskarane få fram kva konsekvensar dei føretrekte tiltaka eller endringane kan ha på klimagassutslepp og privatøkonomi.

Vi veit av erfaring at det kan vere vanskeleg å setje forskingsresultat ut i livet gjennom politiske tiltak. Difor har prosjektet valt å knyte til seg ei referansegruppe («policy advisory board» eller PAB). Her har vi invitert relevante avgjerdstakarar og fagpersonar på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå til å delta. Du kan lese meir om dette under overskrifta “Referansegruppe”.

Bakgrunn

 

Ein pilotstudie utført av prosjektpartnaren TEC viser at rundt halvparten av klimagassutsleppa i europeiske høginntektsland kan knytast til privat forbruk. Hovudkjeldene er:

• Mat (t.d. kjøt, grønsaker)
• Transport (t.d. bilkøyring, flyreiser)
• Hus (t.d. isolering av huset, oppvarming)
• Anna forbruk (t.d. elektronikk, klede, sko)

Det er usikkert om desse funna også gjeld for større grupper av deltakarar, og om dei gjeld på tvers av landegrenser i Europa. Dette er eit område der HOPE kan bidra med ny kunnskap.

Tilnærming

Undersøkinga har tre fasar:

1. Kartlegging av forbrukaråtferd: Vi har laga eit spørjeskjema som hentar informasjon om forskjellige forbruksområder. Vi brukar informasjonen til å rekne ut kor store klimagassutslepp hushaldet står for (karbonfotavtrykket).
2. Tiltak for å redusere utslepp av klimagassar: Hushaldsmedlemmane vil få rettleiing gjennom eit «spel» der dei kan velje mellom eit sett med åtferdsendringar (om lag 60). For kvart tiltak har vi rekna ut utsleppseffekt og kostnad (t.d. av å skifte ut bensinbil med elbil, etterisolere huset, ete meir vegetarmat, kutte ut ein sydentur o.l.). Tiltaka klassifiseras etter grad av aksept.
3. Motivasjonsanalyse: Vi intervjuar nokre av husstandane for å få meir informasjon om kvifor dei valde dei ulike tiltaka, samt identifisere kva som kan hindre eller fremje at dei faktisk gjennomfører åtferdsendringane som kom fram i fase 2.

Meir informasjon om tilnærminga vår finn du under overskrifta «Plan for forskinga».

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *