CIRED
Fagområde
CIRED er eit fransk forskingsinstitutt som vart etablert i 1973 av professor Ignacy Sachs. Forskingsområdet sprang ut av klimakonvensjonane i Stockholm. Kort fortalt, analyserer instituttet måtar å skape balanse mellom forureining, langsiktig ressursforvaltning og økonomisk utvikling. Dette triangelet blir nytta på ulike område, til dømes energi, urban infrastruktur og landbruksplanlegging.
Instituttet har ei heilskapleg tilnærming. I møte med oppdragsgjevarar, knyter dei til dømes alltid ønsket om økonomisk vekst til individuell forbrukaråtferd, teknisk innovasjon og byplanlegging. Konseptet grøn utvikling har dei hatt suksess med når det gjeld tilrådingar for Romaklubben om berekraftig økonomisk utvikling.
For å kome kundane sine krav i møte, nyttar instituttet tverrfaglege perspektiv frå naturfaga, samfunnsfaga og ingeniørfaga. Denne tilnærminga gjer at dei kan dekke eit breitt spekter av metodar, til dømes modellering av realistiske framtidsscenario, evaluering av regulering og effektivitet i offentlege verksemder og kvalitative vurderingar av handlingsmotiv.
TEAM: Carine Barbier, Dorian Litvine
Ansvarsområde: Analyse av økonomiske fordelar ved klimatiltak
TEC
Motivasjon og forventningar
Mellom 2009 og 2012 utførte konsulentfirmaet TEC ein pilotstudie som blei utgangspunktet for HOPE-prosjektet. Med ein kombinasjon av tilnærmingar frå antropologi, samfunnsvitskap og miljøfag utførte dei ein serie kvalitative intervju for å undersøke oppfatningar om klimapolitikk og effekten av klimapolitiske tiltak.
HOPE-prosjektet er eit høve til å teikne konturane av ein ny lågutsleppslivsstil. I framtida vil vi sjå at private hushald ikkje berre får eit ansvar for å redusere klimagassutslepp – dei vil bli aktivt innlemma i innsatsen. Difor er det så viktig å undersøke kor effektive tiltaka er og kor villige folk er til å leve meir klimavenlege liv. Dette prosjektet gir eit unikt høve til å analysere – på europeisk nivå – korleis forbrukaråtferd kan brukast til å fremje ein livsstil som gir lågare utslepp.
Ekspertise
I over tolv år har konsulentfirmaet TEC tilbydd tenester på miljøområdet til privat og offentleg sector, med hovudvekt på det som gagnar miljøet. TEC er som ein lab der det stadig blir eksperimentert. Målet med eksperimenta er å utvikle klimavenlege konsept, promotere omlegging til eit lågutsleppssamfunn og til ein meir klimavenleg livsstil. Konsulentfirmaet står midt i eit veksande nettverk av innovative klimaprosjekt, og TEC si rolle er å vere tett på frå utviklingsfasen til testfasen, der ein gjennomfører tiltak i praksis.
TEAM: Ghislain Dubois, Sébastien Bruyère, Jean-Paul Céron
Ansvarsområde: miljø-modellering, teknisk implementering
Universitätsklinikum Heidelberg
Motivasjon og forventningar
Folkehelseinstituttet i Heidelberg har studert helsemessige følgjer av klimaendringane i fleire år. HOPE-prosjektet er eit utmerka høve til å undersøke kor vidt det finst offentleg medvit om, eller forståing for, negative helseeffektar knytt til klimaendringane. Så langt er forventningane til instituttet bygde på modellkalkulasjonar som får lite merksemd frå politikarar trass i at dei er velkjende blant forskarar. Sidan folkehelsa er direkte påverka av klimaendringar, er det svært viktig at helseaspektet blir lagt større vekt på. Denne sida ved klimaendringane vil også kunne bidra til å skape større aksept og forståing for klimatiltak i ålmenta.
Ekspertise
Ved instituttet arbeider ein for å betre folkehelsa i Tyskland og andre land, inkludert utviklingsland. Den faglege tilnærminga er integrert og prosedyrebasert. På den eine sida lærer ein opp ekspertar frå ulike land og set dei i stand til å utvikle sine eigne prosjekt. På den andre sida undersøker instituttet helsesystem frå eit internasjonalt perspektiv, med spesiell vekt på kunnskapsoverføring.
Kjerneområdet ved instituttet har vakse ut av denne typen internasjonal kontakt. Instituttet undersøker helseeffektar av klimaendringar, og ser på to dimensjonar: Først tilpassingsstrategiar som kan motverke dei negative effektane av klimaendringar, som auka spreiing av malaria. Desse strategiane blir prøvde ut og sett ut i livet på staden. Vidare arbeider ein for å få klimaforskinga til å setje søkelys også på helsemessige sider ved klimaendringane, i tillegg til dei miljømessige og økonomiske sidene. Tanken er at folk blir motiverte til å endre på ting dersom dei får informasjon om helsemessige, miljømessige og økonomiske gevinstar ved ein endra livsstil.
TEAM: Prof. Dr. Rainer Sauerborn, Dorothee Amelung, Florian Dorner, Helen Fischer, Valérie Louis, Alina Vandenbergh Hermann
Ansvarsområde: helsemodellering, vitskapleg metode og publisering
UMEÅ
Ekspertise
Fagmiljøet for epidemilogi og global helse i Umeå er fleirfagleg og har utstrekt internasjonalt samarbeid og verdsleiande forskingsnettverk innan sitt fagområde. Kjerneområdet er epidemilogi, populasjonsperspektivet på helse og på kva som fører til sjukdom. Generelt omfattar forskingsgruppene ei blanding av fagkompetanse, som ein kan sjå av eit vidt spenn i forskingsmetodar. Det overordna målet er å bidra med kunnskap som kan fremje helse og førebyggje sjukdom. Forskingsmiljøet tek for seg folkehelsetema lokalt og nasjonalt i Sverige, men òg internasjonalt gjennom samarbeidsprosjekt i Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika.
Fagmiljøet i Umeå har ei av dei største forskingsgruppene for klimaendringar og helse i verda. Forskinga bidreg til utforming av helsepolitikk som kan redusere ulikskapar når det gjeld helsestatus mellom og innafor land. Umeå har ei toårig masterutdanning i folkehelse som blir vurdert som den beste i Sverige. Masterprogrammet er den einaste toårige folkehelsemasteren i Sverige som har oppnådd den høgaste karakteren i ei evaluering gjort av det svenske utdanningsdirektoratet (2012).
TEAM: Maria Nelsson, Camilla Andersson, Bore Skold
Ansvarsområde: Individuelle oppfatningar og åtferdsendring, kvalitativ metode
Vestlandsforsking
Motivasjon og forventningar
Vi er inviterte inn i HOPE-prosjektet gjennom eit langvarig samarbeid med ein del av prosjektpartnarane. Vestlandsforsking takka ja til dette fordi vi alt har utført ei rekkje hushaldsstudiar knytt til miljømedvit og oppfatningar av klimaendringar. Difor har vi stor interesse av å ta desse erfaringane med inn i HOPE-prosjektet og samtidig lære meir om samanliknande studiar. Instituttet går difor inn i klimapolitiske tiltak og samspelet mellom internasjonale og nasjonale tilpassingsstrategiar. Vår største faglege interesse er knytt ti hushalda sin refleksjon rundt ulike klimatiltak og rundt deira eige bidrag. Vi er overtydde om at funna i prosjektet vil gje oss viktig informasjon som kan bidra til utforminga av framtidig klimapolitikk.
Ekspertise
Vestlandsforsking vart stifta i 1985 av Sogn og Fjordane fylkeskommune og er eit frittståande oppdragsinstitutt. I tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane fremjar vi kritisk og anvendt forsking innan område som reiseliv, klima- og miljø og IKT. Forskinga vår bidreg til ny kunnskap, støttar opp under innovasjon og bidreg til å forme utviklingspolitikk og administrative prosessar. Vi har høge kvalitetsstandardar og arbeider for eit ope samfunn og for berekraftig utvikling. Instituttet er involvert i regionale, nasjonale og internasjonale forskings- og samarbeidsprosjekt.
TEAM: Carlo Aall, Marta Baltruszewicz, Idun A. Husabø, Karen Richardsen Moberg
Ansvarsområde: Policyanalyse