Referansegruppa
Prosjektet omfattar bade politikarar og avgjerdstakarar på lokalt, nasjonalt og EU-nivå for å leggje til rette for eigarskap og overføring av kunnskap og resultat frå prosjektet. Informasjonen vi samlar inn er relevant for avgjerdstakarar fordi han fyller gapet mellom forsking og politisk praksis. Prosjektet gir òg meir innsikt i kva som skal til for at politikarar på ulike nivå skal kunne få med private hushald på effektive klimatiltak. Sist, men ikkje minst, vil vi få vite meir om potensialet til ulike typar tiltak og hindringane folk møter når dei prøver å gjere det som er best for klimaet.
Difor har vi sett saman ei referansegruppe (PAB eller policy advisory board) i kvar av byane eller landa vi studerer i prosjektet. Gruppa omfattar 8-10 personar med kompetanse på lokal klimapolitikk både frå offentleg og privat sektor.
Kvifor treng vi ei referansegruppe?
Referansegruppa er etablert for å støtte oss frå starten av i dette treårige prosjektet (2015-2017). Vi vil dele informasjon med referansegruppa om forskingsprosessen, men håpar òg å halde oss godt orienterte om ulike prosjekt som går føre seg på det kommunale nivået (t.d. bygging av miljøvenlege hus eller etablering av grøntområde). Vi vil òg gjerne forsikre oss om at denne typen informasjon blir teken omsyn til i forskinga vi held på med.
Vi legg opp til at referansegruppa skal møtast ein gong i året. Dei vil då få informasjon om framdrifta i prosjektet og om forskingsresultata så langt. Med dette håpar vi å oppnå at vegen frå vitskap til politikk blir kortare enn det som er vanleg.
Kva er referansegruppa sine oppgåver?
Målet med HOPE-prosjektet er ikkje berre å få ny innsikt i hushalda si interesse for å leggje om til ein meir klimavenleg livsstil. Det handlar òg om å identifisere konkrete måtar å oppnå endring på. Ut frå det vi kjem fram til i prosjektet, ønskjer vi å kunne formulere tilrådingar om korleis politikarane kan gå fram når dei skal utforme tiltak. For å auke sannsynet for at slike tiltak vil bli sette i verk, må prosjektet ta omsyn til politisk praksis og relevante prosessar.
Korleis fungerer referansegruppa?
I kvart av landa vi studerer, har vi etablert ei referansegruppe som kan gje oss råd om iverksetjing av klimapolitikk lokalt. Det er stadfesta at det franske og norske miljøverndepartementet vil delta.
Vi legg opp til å halde eit årleg møte med referansegruppa i kvart land. På møtet i November 2015 låg vi fram katalogen med klimatiltak som skal nyttast i møtet med hushalda i 2016. Vi fekk konstruktive tilbakemeldingar som blei nytta til å gjere justeringar før undersøkingane startar opp. I tillegg er det verdifullt å få relevante innspel frå liknande studiar i dei aktuelle landa om kva som fungerer godt og dårleg. Slik håpar vi å oppnå ei fruktbar informasjonsutveksling mellom involverte forskarar og avgjerdstakarar. Til slutt vil det vere vesentleg å få informasjon om kor vidt tiltaka i den såkalla katalogen kan la seg gjennomføre og kven sitt ansvarsområde tiltaka høyrer til under (statleg eller kommunalt). I år vil vi leggje fram førebelse resultat og jamføre dei med erfaringar medlemmane av gruppa har. På møtet til neste år vil vi drøfte korleis ein kunne ha gjennomført ein del av tiltaka i dei respektive studielanda. Denne utvekslinga er spesielt viktig ettersom det gjeld å formulere råd til politikarar om korleis ein kan gå vidare med funna frå prosjektet.